Kalvåg Blomster & Hobby DA

Om oss:
Systrene Kari-Helen Mandelid Totland og Gro-Anita Mandelid opna blomster og hobbybutikk i Kalvåg 1. desember 2006. Begge har gått på kurs i blomster-dekoratørfaget hos Binderiet i Oslo.
Butikken ligg sentralt til på Amtskaia i Kalvåg sentrum, saman med både Spar Kalvåg og Eli's Frisørsalong.
Alle blomsterprodukta vert levert frå "Primaflor" i Førde. Potter og dekorasjons-materialar vert levert frå "Nielsen Dekor" i Danmark.
Kalvåg Blomster & Hobby tek imot alt av bestillingar innanfor sorgbinderi og brudebinderi, samt dekorasjonar og bukettar i alle høver.
Kalvåg Blomster & Hobby kan og tilby gartnartenester på gravminner. Her kan vi tilby planting av stemorsblomster i april/mai, planting av sommarblomster i juni, planting av lyng i august/september og vinterdekking av gran eventuelt pålegging av mosekrans i desember. Her kan ein velje ut den sesongen ein ynskjer eller velje eit konsept med fast årleg pris.
15. mai 2008 fekk vi Post i butikk, og 15. november 2009 fekk vi Bank i butikk. Opningstidene fylgjer opningstida til Blomsterbutikken.
Ta gjerne kontakt på telefon eller send ein e-post for bestilling.
Kalvåg Blomster & Hobby, 6729 Kalvåg. Tlf.nr. : 57 79 11 55 /90 76 84 79.
E-post: gromande@online.no
Bileter og nyheiter frå butikken kan òg finnast på den private bloggen til Gro Anita. Adressa her er http://groanitamandelid.blogspot.com
Undermeny
|