Blogg
7. september -08
No er det tid for å setje ut ulike haustplantar som kan pynte opp inngangspartiet litt. Her kan ein velje mellom mange forskjellege fargar og typar. Blandt anna kan vi nemne; Lyng, Brassica (pyntekål / Sierkål), sølvkrans, Ulike typar av Hebe, Ulike fargar av Sedum, Haust Asters, Krysantemum osv.....
6. september -08
Så er det gått 1 1/2 månad sidan siste det vart skrive noko på bloggen. Og i mellomtida er det blitt haust. Det har vore ei travel tid i butikken dei siste månadane, og det er ikkje kvar dag vi føler at vi har rukke over alt som vi hadde tenkt vi skulle gjere. Men så lenge kundane ikkje merker eller føler det så er vel alt bra. Denne veka har vi vore innom dei fleste begivenhetene vi kan ha i ein blomsterbutikk. Fødsel, barnedåp, begravelse, bryllaup, sølvbryllaup, gebursdag, jobb-avslutning, takk for hjelpa osv....... lista er lang, og ein får virkelig bryne seg litt på dei forskjellege oppdraga. Det er litt kjekt både for oss og kundane at dekorasjonane, bukettane og ikkje minst blomstrane vert varierte og spennande. Dette er svært viktig på slike små stader, der dei fleste har fått ein eller fleire blomsterhelsingar frå samme butikk. Det positive er at vi veit (nesten eller som regel) til ei kvar tid kva dei forskjellege har fått tidlegare, slik at vi unngår at dei får den same blomsten eller dekorasjonen. Vi har for ei tid tilbake begynt å skrive om dei ulike trendane. Lenger nede har vi skrive litt generelt om dei ulike trendane, og så har vi vore innom maksimalismen. Idag tenkte vi at det kan passe med litt Romantikk og Nostalgi. Ein trend eg set stor pris på. Her kan vi finne mykje flott......
STIL:
Trenden byggjer på sensualitet og skjønnhet. Den er avslappa og poetisk, og samstundes litt uskyldig. Denne trenden er godt synleg i motebildet i dag og den vil sansynlegvis fortsetje i nokre år til. Romantiske rosemønstre, kjøkkenruter og madrass-striper sjåast mykje på stoff til boliginnreiing. Materialar som blir brukt er blonder og transparente kvite, lyse eller ubleika naturfarga tekstiler, som lin. Skandinavisk skjærgårdsstil og svensk gustaviansk stil med kvitmalte, litt slitte møblar, prismelysekroner, glas og krystall, samt blått og kvitt porselen. Jordbær, kirsebær og roser er populære motiv.
STÆSJ:
Potteskjularar og anna tilbehør har ein romantisk stil og holdast i lyse fargar. Zink og emaljerte pyntepotter, bøtter og kar i forskjellege formar og fargar.
FARGAR:
Kvit og krem, lyserosa og mørkare rosa fargar i kombinasjon, samt rødt og lime.
PLANTAR:
Storblomstra, luktande gammaldagse roser, små greinroser eller enkeltblomstrande roser. Anemoner, margeritter, asalea, høstasters, begonia, klokke, kornblomst, lanterneplanter, klematis, eføy, hortensia, Hypoestes phyllostachya, Flittiglise, lpomoea, Jasmin, Medinella, Forglemmegei, Orkidee, Gaukesyre, Nøkleblom, Sineraria, Saintpaulia, Vrifrukt, Fiol, Prydjordbær og Markjordbær.
20/7-08
Det er neste litt pinleg å vere innom her å skrive, etter så lang tid. Bloggen har vore svært så forsømt. Men det har vore eit travelt halvår, og tida i butikken har krevd det meste av dagen / kvelden. Sommaren er, som mange føler det, på hell, og snart vil det vere lyng og ulike heber og haustprodukter som er å få kjøpt. Mange av oss har kanskje resignert litt, når det gjeld hagen. Det har vore litt opp og ned når det gjeld veret. Og mange sommarblomster er rotna bort. Trasig, men slik er det.
Vi avslutta forrige gang med å prate om ulike trendar. No vil vi skrive om den fyrste trenden, Maksimalismen.
Maksimalisme:
Stil:Dette er ein stor slager ! Stilen uttrykkjer dekadens og ein ny form for glamour, og er ein reaksjon på alt det stilreine og forenkla i minimalismen. Pompøsitet og overdådig- het, mørkt og mystisk er stikkordet. Med oppfinnsomheit og fantasi kombinerast element frå fortid, notid og framtid. Djupe, mørke fargar, raffinerte mønster og materi- alar av utsøkt kvalitet, vitnar om at inspirasjonen hentast frå fortidas meir eksklusive stil og frå dei glade 20 åra.
Stæsj: Gamle, slitte messing og gullmaterialar. Fløyel, velour, gobeliner og blonder. Krøllet crêpe, tyll, cellofan, kjempesløyfer, gammaldagse englefigurar, ornamentikk, messingkandelabre, prismelysekroner og mørke, forseggjorte møblar.
Fargar: Fiolett, plomme, burgunder, vinrød og rosa, samt grålilla og gammalrosa, fersken og gull. Mange brune nyansar, kvitt og offwhite som kontrastfargar.
Plantar: Fredslilje, trøst, Asalea, Basella Alba, Begonia Rex, Begonia listada, Canna Indica, Kamblom, Chrysalidocarpus, Kokospalme, Dragelilje, Crossandra, Curcuma, Kongepalme, Cyclamen, Ynde, Kentiapalme, Porselensblomst, Gardenia, Guzmania, Hawaiirose, Flittiglise, Lilje, Ludisia Discolor, Medinella Magnifica, Mikania Ternata, Myrtus Communis, Vindusblad, Kalla, Oleander, Orkidee, Pasjonsblomst, Rotterumpe, Ranunkler, Fagerblom og Vifteblomst.
22/1-08
På bloggen vår framover vil vi skrive litt om dei ulike trendane. Idag tek vi kun føre oss litt generelt om korleis utviklinga har vore.
Klede, interiør og blomstertrendar heng nøye saman. Kle-moten er tidlegast ute, deretter kjem interiørtrendane og blomstertrendane. Motebiletet svingar ikkje like fort som det gjer innanfor kle-bransjen, og vi ser gjerne at fargane på blomster kjem nokre år seinare enn på kleda. Det stillast stadig sterkare krav til gartnarens bevissthet når det gjeld trendar. Blomster og plantar har fått ei ny betyding i dei norske heimane. Dei skal vere ein del av interiøret, og det er viktig at stil og fargar harmonerer.
Potter og vasar blir viktigare enn det har vore tidlegare. Vi gjer meir ut av pottene enn tidlegare, og pottene er ikkje lenger noko plantane skal oppbevarast i. Pottene har ei oppgåve, og det er å underbyggje planten og stilen ein ynskjer å uttrykke. Blomstene treng ikkje nødvendigvis å stå i vaser, dei kan leggjast i boller eller skåler, eller dei kan hengast opp i reagensrør eller glassylindarar. Blomster-haudet kan gjerne kuttast av og flyte i vatn, saman med t.d. flytelys. Ein kan lage vasar sjølv av kvistar, sugerør, blad osv, som surrast rundt ein vanntett behaldar. Idag skal ikkje blomstrane setjast bort i eit hjørne, dei skal synast og dei skal gje ein bodskap. Neste gong tek vi føre oss Maksimalisme som er ein av fem trendar/stilar vi vil skrive litt om. Og husk at ein stil er fyrst og fremst ein følelse.....
"Moter er det einaste som blir gammeldags" - Oscar Wilde
21/1-08
Vi sel alle vår-løkane til halv pris !!!! Kom innom, fortsatt tulipanar, muscari,ass. påskeliljer m.m. igjen.
21/1-08
Idag er vi litt historiske, og vil skrive litt om tulipanens dramatiske historie;
Ingen anna blomst har hatt så stor påverknad på politikk, økonomi og kultur som tulipanen. Den kom frå Asia til Europa på 1500 talet, og vart fort populær blandt franske hoffdamer like godt som hos kjøpmenn. Tulipanen vart faktisk så populær at den i Nederland skapa hysteri og tilslutt børskrakk. Idag er det ein solid industri og tulipanen er blitt ein blomst for alle.
Fargar med ei viss tyding:
Dei forskjellege fargane kan bety ulike ting, men du treng ikkje fylgje det tause blomsterspråket - kjøp ein bukett som du veit mottakaren kjem til å setje pris på. Vi har tidlegare skrive om fargane, men vil her komme med ei ny liste;
Raud: Kjærleik, romantikk, omsorg og lidenskap. Kvit: Reinheit, godheit, engel, truskap og fred. Fiolett: Utradisjonell, tankar, sjette sans, eventyrleg, fridom og åndeleg. Gul: Kreativitet, sol, optimisme og livsglede. Orange: Humor, varme, sol og frodighet.
I overkant av ein halv million tulipanar om dagen, kjøper vi nordmenn i løpet av tulipansesongen. Og sesongen strekkjer seg frå desember til april og totalt vert det solgt 80 millionar tulipanar. IKKJE VÆRST.
Vi takkar for besøk på vår Gjestebok ;-) og ynskjer fleire besøkande!
20/1-08
Ja så er snart søndagen over og ny veke står for tur. Med eit slikt varierande vêr vi har, treng ein all dei oppkvikkarane ein kan få. Igår hadde vi ein jamn trafikk i butikken, sjølv om vêret skulle tilsei at dei fleste ville halde seg innandørs. Og kva kjøper folk på ein stormfull lørdag ??? Vi sjølve har prøvd å gjere butikken koseleg med tente te-lys og ein tulipan-bukett med innslag av voks-blomst på disken. Primula i mange fargar på bordet sammen med både Clivia, Orkidear og duftande Jasmin. Vi ynskjer iallefall at kundane skal trivast. Igår ynskte dei fleste å skape litt "lys" i heimen, få litt vårstemning, eller iallefall håp om vår. Nokre hadde ein dag dei ville markere, andre ville kvikke seg sjølv opp og få skikkeleg helge-følelse. Alt dette bunna ut i kjøp av ein eller fleire blomster. Men nokre tok og turen innom berre for å helse på eller slå av ein prat. Og slikt er også kjekt. Det verste er å komme inn på ein butikk, der ein føler ein må kjøpe noko, eller at tanken "Neeei, at eg gjekk inn her..." slår ned i ein idet ein stig innanfor døra. For trivsel eller rettare sagt mistrivsel kan og følast på butikkar, like mykje som i heimen hos folk.
Vi har funne nokre ord av Sigurd Hoel som vi vart litt tankefulle av, er det slik det er ?
"Blir vi rørt over våren fordi den minner oss om vår egen engstelige og karrige, men tross alt naive og rørende ungdom?"
PS: Nytt på sida vår er GJESTEBOK. Ein liten link til venstre. Kom gjerne innom med både ord og sitat, helsingar eller kva du måtte ynskje å skrive.
13/1-08
Søndag og snart helgeslutt. Ein spesiell atmosfære den søndagen. Litt som oppbrudd- stemning utan oppbrudd. Litt still, mørk, ei ny veke står og lurer utanfor....og utan at ein heilt er klar for nok ei travel og hektisk veke. Men mandagen kjem. Utvilsamt. Det er tydeleg at mange har fått ut jula, og no ynskjer å få inn "våren". I denne mørke tida, når vi har teke bort lysa i vindauga og i treet utanfor døra, gjer vi alt vi kan for å lysne opp inne i huset og i sjela. Kvifor følast alt så tomt og mørkt i januar ??? Kanskje det er nettopp fordi vi har fjerna alt lyset. Vi har solgt mange brett med Primula og mange bøtter med tulipanar sidan onsdag. Desse får oss garantert i betre sinnstemning. Alle dei flotte og sterke fargane. Denne veka får vi nok eit påfyll av "vår-blomstrar", så for dei som har hatt jula til 20-dag jul, som er idag, kan også få nyte primula og tulipanar, i mange nydelege fargar. Vi avsluttar søndagen med nokre ord av Andrè Bjerke, og ynskjer alle ein flott søndags-kaffi. Tenn mange te-lys og nyt primulaen......det er lys langt der framme.
"Tro ikkje frosten, som senker en fred av sne i ditt hår. Alltid er det på jorden et sted, tidlig vår. Tro ikkje mørket, når lyset går ned i skumringens fang. Alltid er det på jorden et sted, soloppgang."
HUSK: FREDAG 11. JANUAR ER DET TULIPANENS DAG !
10/1-08
Langvarig tulipanglede!
Her har vi skrive ned nokre enkle tips for korleis du skal få tulipanane dine til å vare lengst mogeleg:
Kjøp tulipanar som har tydelege blomsterknoppar. Desse skal ikkje vere utsprunge, men vere godt utvikla.
Tullipanane kuttast, dvs. at ein skjær over ca 2 cm nederst på kvar stilk. Behald plasten på og sett dei i kaldt vatn nokre timar. Poenget er at dei skal ha støtte medan dei strekk seg ut. Når dei er blitt stive og sprø i blada, set du dei over i vase.
Vel ein vase som er halvparten av tulipananes lengde. Husk at vatnet skal vere kaldt, og skal ikkje dekkje meir enn 5 cm av nederste stilken. Er det lause blad på tulipanane, bør desse fjernast. Det må aldri vere blad i vatnet.
Pass på at tulipanbuketten ikkje står i sollys eller for nær ei varmekilde. Dette vil redusere bukettens levetid.
Sett buketten mørkt og kjølig om natta. Skift gjerne vatn i vasen kvar dag.

9/1-08
No har vi vore på Plantemesse og fått mange nye flotte plantar. Vi har fylt opp heile butikken med mykje forskjelleg. Her kan vi nemne noko av det vi har fått inn som t.d. ulike typar av vårblomsten Primula, Cissus mix, Dracaena topp, Ripsalis og sjølvsagt dei ordinære plantane som Ildtopp, Orchidear og St. Paulia. Vi vil og minne om Tulipanens dag som er fredag 11. januar. Her har vi 15 stk tulipan "karamell" i buntar for ein rimeleg peng. Kjøp deg flotte tulipanar i mange fargar, til helga, no når du har fjerna den julerøde fargen frå bordet.
No har vel alle snart forstått at vi her på Blogg sida, er svært oppteken av våren. Og no har vi funne eit "ordtak" som kan forklare dette, berre høyr her;
"Våren er vakker for den som lenge har hatt vinter..." Ikkje rart vi ser så mykje fint rundt oss. Men vi kan vel ikkje akkurat klage på at vinteren er så lang og hard på desse kantar heller.
På denne dagen 9/1 i 1793 blir Jean -Pierre Blanchard den fyrste som flyr med ballong i USA. Og samme dag i 1972 brenn og synker RMS "Queen Elizabeth" i havna i Hong Kong.
4/1-08
Januar og mange av oss har, eller ynskjer ganske snart, å få ut jula. All vaskinga og skuringa og for ikkje snakke om all pyntinga, berre for 10-14 dagar, og så "på haude" ut døra. Og kven vil ikkje då kjøpe seg nye, blomster, plantar og stashe opp med nye dukar, stearinlys mm. I butikken har vi skifta ut alt som er julete, og sett ned dei få julestjernene og jule tinga til halv pris. Inne har vi fått eit vinterpreg, i kvitt og sølv, og nye plantar er kome inn. Nokre av oss er litt meir optimistiske enn andre. Ein ser vår-teikn i det meste. Ta til dømes sola og det flotte kalde veret vi har hatt. Eit sikkert vårteikn er det ikkje ???? Alle spirene rundt om, vi kan finne både krokus, påskelilje og tulipanar. Dette er det som er godt her på kysten. Vi er priviligerte. Vi har ein utruleg flott natur rundt oss, og best av alt, våren kjem tidleg. Eg skal vere enig at det kanskje er litt tidleg å sjå etter våren, men ein ting er sikkert:
Det kjem sommar og det kjem vinter; kva er hastverk godt for ?
Godt Nytt år til alle sammen !

25/12-07
Juledag klår - gir eit godt år. (og merk alle sammen 1. juledag i år var kald og strålande flott !!!!!!!!!!!!!!)
24/12-07
Vi ynskjer alle ei riktig God Jul !
1/12-07

Symbol i jula
Julestjerna heiter Euphorbia pulcherrima på latin, og pulcherrima betyr meget søt. Eit opplagt namn, for med sine sterke fargar og markante stjerneform er julestjerna ganske yndig. Julestjerna er levande julepynt, som rett og slett høyrer juletida til, og som har blitt eit symbol på sjølve jula.
Julestjerna er levande julepynt, som krev litt merksemd. Julestjerner er ømfintleg når det gjeld kulde og må aldri utsetjast for frost. Husk det, når du kjøper julestjerner i kaldt ver. Julestjerner trivst aller best ved stuetemperatur.
Julestjerna kan godt tørke opp mellom kvar gong du vatnar, men må ikkje tørke ut. Dersom du plasserer julestjerna lyst, beheld den fargens intensitet best.

28/11-07
Ja no er det snart 1 år sidan vi starta opp. Tida har gått så utruleg fort. Eit heilt år med mange erfaringar på vegen. Imorgon torsdag 29/11-07, har vi slege oss saman med Spar Kalvåg og Sparebanken for å jubilere. Vi og Sparebanken har begge 1 år på Amtskaia medan Spar Kalvåg har 5 år. I det høve serverer vi kaker og kaffi frå kl 11.00 i "kaffikroken" på Amtskaia. Vi håpar det er mange som tek turen inn for hyggeleg prat, handel og kaffikos.
No er snart november (som i gamle norske almanakker vart kalla "slactemaaned")over og det lir mot jul. Desember vart frå gammalt av, naturleg nok, kalla for "Christmaan-ed". I byrjinga av desember kjem det ofte ein mildværsperiode, som kan vare i nokre dagar. Dette mildværet, som ofte kjem i samband med solverv (solsnu), vart kalla kakelinna eller lefsetøværet. Den kjem for å gje friskt vatn til julebaksten, heiter det.
No er julestjernene, både kvite og røde, komen i butikken. Vi har fått inn både julegleder og sviblar. Vi har laga opp mange flotte juledekorasjonar, både i skåler, potter og på røter. Vi har noko ferdig malt keramikk, heimelaga juletrepynt og 3D bileter og kort.
På søndag 2. desember er det julegrantenning ved Amtskaia i Kalvåg. Programmet er som fylgjer:
kl 17.30 Tenning av julegrana/skulemusikken spelar-gang rundt juletreet. kl 18.00Servering av julegløgg og julekaker - Nissane kjem. kl 18.30 Fakkeltog til Kyrkja. kl 19.00 Lysmesse i Frøya Kyrkje.
Vi håpar at alle kjem og vert med på tenninga av julegrana !

25/11-07
Dette er Karimesse-dagen. Kulde og vinter på denne dagen betyr ein streng vinter.
23/11-07
Klemetsmesse. Alle skip skulle vere komne i hamn. Ein mild Klemetsmesse gjev ein mild vinter.
11/11-07
St. Morten / Mortensdag.
Grøn Mortensdag - Kvit Julaftan Kvit Mortensdag - Grøn Julaftan
19/10-07
Ja no er det helg igjen. Mange ser fram til denne dagen, fredagen. På ein måte så er fredagen betre enn lørdagen. Du har ei lang helg å sjå fram til....ein lever på planane. Det er halve moroa, å sjå fram til ting. No går månadane så alt for fort. Det er snart tid for å legge om til vinterdekk. Mange er tilogmed ferdig med den jobben. Dei fleste har kome seg i hus og har gitt opp alt som heiter hagearbeid. Fortsatt er det vår-løkar igjen, som ein kan plante ut, eller kva med å plante svibel til jul ??
Vi vil minne alle dei trufaste lesarane av bloggen vår, Det er innsamlingsaksjon på søndag. Alle monnar drar!
14/10-2007
Første vinterdag og første kalendardag i gammal tid. Det er utruleg mykje som kan seiast om denne dagen. Våre forfedre holdt blot denne dagen, og ynskte vinteren vel- kommen. Primstaven, som denne morgonen vart snudd, var merka med ein vott samt ein stav med ispigg. Dagen vart òg kalla faredag eller flyttedag, fordi eit tenesteforhald vart avslutta. 14. oktober var den vanlegaste av flyttedagane på landsbygda. Denne dagen vart òg brukt til å få i hus alt ein trengte for å verje det mot vinterens snø og kulde. Alle hestane skulle få bjelle. Skal tru om nokre held på desse tradisjonane enno ? Det med blot er vel kanskje gått ut på dato.....??
Vi på blomsterbutikken har iallefall det du treng for å skape det triveleg innandørs. Flotte telyse-stakar med matchande potter. Blomstrande blomster i forskjellege fargar. Orange ildtoppar, rosa, kvite, røde azalear og orkideane Phalaenopsis og Dendrobium. Treng du å kvikke deg sjølv ytterlegare opp, så har vi fått inn nye smykker. Spar Kalvåg Handel, Banken og vi spanderer fortsatt kaffi ute i "samlingslokalet".
17/9-2007 (September månaden vart i gamle almanakker kalt Fiskmaaned.)
Haust-stormane har allereia begynt å rase rundt oss, men innimellom kan/er det fine solfylte dagar med den umiskjennelege rå og friske lufta, som kjenneteiknar hausten. Mange slit på akkurat denne tida av året, der alt av blomster og tre rundt oss, gulnar og visnar ned. Men tek ein seg litt tid og legg merke til alle dei flotte haust-fargane i naturen, og drar inn den kalde friske lufta, då er det godt å oppleve hausten. Nytt tida ute i fine vêr, og når stormane rasar som verst, så gjer det koseleg rundt deg inne, med søte små dekorasjonar av friske blomster, ein kopp varm kakao, fyr i peisen, eit ullpledd og ei god bok. Dersom bøkene ikkje freistar finst det mange typar hobby ein kan drive med, både lette og litt vanskelegare. Denne veka får vi inn nye smykker du kan setje saman sjølv, eller vi kan setje dei saman til deg. Du kan lage deg Scrap-book sider til sommarbileta, du kan setje saman 3D-julekort eller du kan prøve deg på decoupage. Vi gjev deg gjerne ei hjelpande hand dersom du treng det. Frå værdagboka har vi funne dette om den 15. september (altså for 2 dagar sidan), også kalt Eskilddag; "På denne dagen begynte man å studere Melkeveien for å finne ut hva slags vinter man får." Og husk alle sammen; det er en trøst at høsten er så vakker.

29/8-2007
"Ingen kjenner dagen, før sola har gått ned" heiter det, og mange kan vel skrive under på at dette er sant. Kor mange ganger har ein ikkje site med morgonkaffien og sett ut på dagen, som er i ferd med å gry. Alle dagar startar vel likt, for så å endre seg totalt. Vi skal alle sammen vere glad for den vanlege dagen, som startar og fortset å vere lik den andre. For alternativet kan vere så veldig mykje verre. Vi starta bloggen idag med litt djupe ord. Fleir og fleir av oss har trekt i hus, og er begynt med å sjå over dei begredelege blomstrane vi har inne. Rart kor fort alt blir slapt og matte i fargar. Dei fleste av oss brukar all energi om våren og sommaren, på det vi har ute. Inne tek vi til hausten. Og no er det tid for å skifte ut og yte nød-hjelp til dei som er i sørgeleg forfatning. Gode blomster inne som tåler ein støyt, og som kan bli "gløymt" ei tid er; Dischidia, Zamioculkas, Ceropegia, Pilea, Sansiveria (svigermors tunge) og Pachira. Dette er "safe" plantar. Dei fleste av oss kan halde desse i live. Om du har lyst på nokre av dei, kan du ta ein tur innom til oss, så finn vi ein plante som passar for deg. Og husk: "Hvis du lykkes i første forsøk, så prøv å skjule din overraskelse..."
27/8-2007
Sommaren er definitivt på hell. Kveldane er blitt mørkare og regnet kjem tettare og tettare. No etterkvart trekkjer folk seg i hus og finn fram stearinlysa og kanskje eit strikketøy, sytøy, boka som har lagt på hylla sidan våren eller kanskje ein keramikk nisse som skulle vore malt ferdig før jul. Vi har fått skifta på utstillingane våre og fått mange nye varer og blomster. Vi har fått veldig mykje fint. Duse fargar i grått, brunt og svart. Om sommaren blir som oftast inneplantar forsømt og til tider gløymt, no kan du skaffe deg mange forskjellege plantar frå billege til dyre. Her kan vi nemne Phalaenopsis og Paphiopedilum orkideear, forskjellege artar av Hoya, Pilea, Bregne, Husfred, Parthenosissus, fredslilje og mykje meir. Ta ein tur innom og sjå kva vi har fått inn. Vi har også, som vanleg, kaffiservering i eit triveleg miljø.
30/7-2007
Ei lita oppdatering, eller iallefall eit lite teikn på at vi fortsatt er i aktivitet, er vel på tide no. Sommaren er begynt så smått å gå mot haust, og skulane er snart igang igjen. Det har vore ein flott sommar med mykje turistar både i båt og i bil. Og været, utanom dei siste tre vekene har vore heilt topp. Skikkeleg sol og sommar slik det skal vere. No sel vi alle sommarblomster og stauder på halv pris. Det er fortsatt nokre fine stauder igjen, sjølv om vi er veldig utplukka. Her kan vi nemne Hosta, Gul iris, Gule dagliljer, Høst-phlox og fleirårig erteblomst. Ta ein tur innom og sjå kva du kan få med deg av billege stauder til neste år. For dei som allereie er komne innandørs har vi mykje utval av grøne plantar, men og dei gode gamle "blomstrande blomstrane" er her. Du veit "Å leve er ikkje nok. Solskinn, frihet og ein liten blomst må man ha".

Juni 2007
24/4-07
Idag fekk vi 3 pallar med varer frå Danmark. Niels frå Nielsen Dekor var her for 10 dagar sidan, der vi fekk sett mange flotte potter og stash i showrommet hans på lastebilen. Og alle veit kva tid det tek, når to damer får sleppe laus blandt slike ting. Vi klarte no å bestille ein del, og etter to timar var lista komplett. Og i dag kom varene. Og sjølv om vi har valgt ut tinga sjølv, så er det like spennande å pakke opp. Så til alle som er nysgjerrige, kom innom og sjå. Det er mange nye ting, og vi kan særskilt nemne ei krukke med mugge til, som er spesielt flott. Vi har bestilt få varer av dei forskjellege tinga, for å unngå at naboen har akkurat den samme. Dette prøver vi også å gjere på inneplantane. Ellers så har vi slått opp i vèrboka, og der vert det sagt at frå gammalt av så vart fuglane sin oppførsel nøye lagt merke til, på akkurat denne dagen. Hoppa linerla rundt plogen under arbeidet, så var dette eit godt teikn, og dersom du traff på ei linerle på veg til åkeren, skulle du snakke til den. Dersom det kom blåkråke på åkeren, trudde dei fleste at det ville bli tørke om sommaren......No er det vel få som har åkeren som arbeidsplass for tida, og plog er det vel òg litt lite av, så kva for teikn har vi no til dags ??? Det hadde vore litt greitt å vite kva ein skal sjå etter eller ????
18/4-07
Idag er dagen vi henvender oss til alle Svelgarane. Treng De blomster både snitt, dekorasjonar, potteplantar, uteplantar eller ulike typar av sorgbinderi så ta gjerne kontakt med oss. Vi har avtale med Aktiv Jobb - Bakarhuset i Svelgen om henting av blomster på ferja på Kjelkenes. De kan og sjølvsagt hente vara sjølv på ei avtala ferje på Kjelkenes. Ta kontakt med oss på telefon eller e-post så sender vi det ut med ferja.
11/4-07
Fine vêr i vente. I fare for å gjenta oss sjølve vedrørande vêr og alt som høyrer til under det emnet, så skal vi prøve å halde oss unna det. Imorgon kjem Nielsen Dekor på besøk. For dei som ikkje er oppdatert, så er det ein hyggeleg dansk mann som sel alt av potter og diverse stash i blomsterbransjen. Så om ei vekes tid har vi igjen fått inn meir og fleire potter. Vi håpar også at vi får inn noko pynt/stash som kan brukast spesielt i samband med konfirmasjonane, som snart står for tur. Ellers så fekk vi inn mange nye plantar idag. Her kan vi nemne Cypressus Golden Crest, lilla Spanske Margerittar, Flittiglise (impatiens) og ellers andre grøne plantar.
Imorgon er det den 12. april. Av gammalt vart nettene mellom 12. og 14. april kalla for "duggnettene". Etter dei er det definitivt slutt på vinteren. Eit gammalt ordtak seier også: "April væde og mai kulde, gjør bondens lader fulle". Vel alle sammen, det er berre å setje igang å spa. Det er slutt på vinteren, så no kan vi berre byrje å plante. Ha ein fin vårdag.
9/4-07
No tenkte vi at det var på sin plass å skrive nokre ord. Tida for planting nærmar seg gradvis. Til tross for den siste vekas snøfall så får vi likevel håpe at våren kjem for fullt. Vi har så smått begynt å få inn eit utval av uteplantar. Her kan vi nemne stemors blomster, pelargonia, margerittar og hebe. For dei som ikkje har sett det, så er inngjerdinga for uteplantane komen, så no ventar vi berre på finever og forsyning med alt kva ein vil ha av stauder og sommarblomster. Vi har ei vêr-dagbok liggande og der slo vi opp på månaden april. Denne månaden vart i gamle norske almanakkar kalla "Faaremaaned" og "Græsmaaned". Vidare kunne ein lese om at april er månaden med ustadig vêr:
April med sin sol og sine skurer, gjør at markens blomster ikke sturer.
Ikkje at eg veit sikkert om det stemmer, men det stod vidare at dersom det fryser natt til 1. påskedag og påfylgjande søndagsnatt, vil det bli frost i lang tid framover.
Ja vi får vel berre vente på bedre vêr......
19/3-07
Ja det er iallefall ikkje helg no, den er akkurat passert og påska nærmar seg fort. Vårvêret såg vi såvidt eit glimt av no i helga, men kanskje ikkje lenge nok til å få gjort så svært mykje i hagen. Men for dei som brått bestemmer seg for å ta eit skippartak i hagen, så er iallefall både mold, toppbark og kalk på plass. For dei som ynskjer å setje ut tulipanar eller påskeliljer, så er dette også råd å få kjøpe. Desse kan og bli flotte å plante på graver og toler godt å stå ute. Ellers så har vi nokre bileter vi skal leggje ut om ikkje så alt for lenge. Alle som har kjøpt mini påskeliljer til å ha innandørs, har vel meir enn ein gong, opplevd at dei i løpet av alt for kort tid, meir eller mindre kryp langs bordet. Den eine dagen er dei søte og små og den neste er dei nokre lange reker som ikkje klarer å halde seg oppreist. Då er det ikkje mykje tess med dei. Klypp dei heilt ned til rota. Plukk inn flotte kvistar av anten vrihassel, bjørk, selje, blåbærlyng e.l. og set dei saman med påskeliljene i ein vase. Du har fått ein flott og stor vår-bukett. Rota kan du berre plante ut og du får flotte tette tuer av påskeliljer til neste vår. Vi vil også idag ta med eit sitat vi har kome over. Einskilde ord sit seg sterkare i hukommelsen enn andre, som blandt anna dette sitatet av ein ukjent:
"Øyet kan smile og munnen le, men sorgen i hjertet kan ingen se"

9/3-07
Fredag, og mønsteret syner at det er den mest aktive blogg-dagen. Til alle dei som har venta på mold. No er den komen. Kalk og gjødsel kjem truleg neste veke. Så no er det berre veret og våren som avgjer kortid vi skal ta for oss oppreinskinga i hagen. Planting er det kanskje litt tidleg for endå, men nokre påskeliljer i ei krukke på tunet, er med på å gje vårstemning. No om dagen er det stort sett vêret og våren alle ventar på og snakkar om. Nokre skriv ned alt som kjem av nedbørsmengd, max og minimums-temperaturar, vindstyrke og selvfølgeleg kor mange minutt sola har vore framme i løpet av dagen. Under ein slik prosess kom vi over dagen idag, som vert kalla "De 40 ridderes dag", herunder vert det sagt at slik vêret er idag, skal det bli i 40 dagar framover. Er det frost på denne dagen, så blir det 40 frostnetter om våren. Men er det mildt denne dagen, så blir det mildvær i 40 dagar... Ja, så gjenstår det då, å sjå kva vær vi har i vente....
4/3-07
Ja så var det helg.....igjen. Og no nærmar våren seg med storm skritt. Vi har så smått begynt å rydde i hagane våre. Så snart den fyrste solstrålen kjem fram ein heil dag, ja då er det berre å setje igong med hage-sjauen. Denne veka har vi fått inn litt meir vår blomster til å friske opp i glaskarmen. Her kan vi nemne Gerbera i potte, store rosa Hortensia, Påskeliljer, Påskekaktusar i tre forskjellege fargar og Calceolaria (trøffel-blomst). Og er det nokre som ventar på molda, ja då har vi fått lovnad på at den skal komme i veka som kjem.
Denne veka har vi "leika" oss litt med ei vinflaske i ein dekorasjon. Det er riktig moro å prøve ut andre måtar å lage dekorasjonane på. Når det no lir mot helge-slutt og ei ny veke er undervegs kan ein jo ha desse orda i tankane:
"Å vandre langs en solfyllt vei og ta det som det faller seg - og føle lykke hvert sekund, og kunne dette uten grunn, - det er å være ung.....!"
Ha ei fortsatt god helg alle sammen.

23/2-07
Ja no er det helg igjen. Det er nesten som om at det berre er mandagar og fredagar på ei veke. Brått er det liksom mandag igjen. Denne veka har det eigentleg gått i dekorasjonar. Dersom det er nokon som lurer, så er ein av dekorasjonane avbilda under kategorien "borddekorasjonar", så kan De jo berre gå inn og sjå. Når vi laga denne hadde vi litt vår-stemning, og fargane no er heilt herleg, det er nesten umogeleg å ikkje få vårstemning av dei. Elles så har vi konkludert med at "...det er alltid ein dag..". For slik er det verkeleg i Kalvåg. Det er alltid ein eller anna som har gebursdag. Og det er så utruleg kjekt at folk vel å kjøpe ein blomst eller ein dekorasjon. Idag starta vi orkidee-kampanje. Vi fekk inn flotte "Cambria" orkideear i alle fargar. Einskilde av dei var utruleg spesielle. Så ta ein tur innom alle saman og sjå på dei flotte orkideeane. Kanskje ein til helga hadde vore koseleg å ha på bordet. Når vi no likevel er inne på helga igjen. Eg kan eit ordtak som heiter seg slik "For den fornøyde er det ofte helg...." Ja ja kanskje det er slik det ligg an......Ei riktig God helg alle saman...
19/2-07
Ja no er Valentine's dag og helga over. Vi må jo berre innrømme at vi vart positivt overraska, over at det var fleire som feira valentine enn det vi hadde trudd. Og flott er jo det. Dei fleste synast vel det er fantastisk å få ein romantisk pynta bukett med eit flott kort til. Underteikna må innrømme at det er blitt mindre med overraskande blomster-bukettar, no etter at ein sjølv opna blomsterbutikk. Men det er vel noko i ordtaket "...skomakaren sine born går utan sko..."??? Men det er vel ein naturleg sak at det ikkje er særleg kjekt å gje blomster til nokon som driv blomsterbutikk sjølv. Vi vil avslutte dagen med eit lite sitat av H.C. Andersen, "Å leve er ikke nok. Solskinn, frihet og en liten blomst må man ha".
14/2-07
Idag er det Valentine's dag. Vi har vore litt usikre på om dette er noko som blir feira her i Kalvåg/Bremanger. Men ein kan ikkje setje dagen til utan roser av forskjelleg slag. Og med helga friskt i minne, der det meste av snitt forsvann, fekk vi ny levering av "Primaflor" på mandag. Det er godt å ha leverandørar ein kan få kontakt med på ein søndag kveld, når ein treng påfylling. Så lurte vi litt på kva denne "Valentine" er og kvifor nokre feira denne dagen.
"Det er forskjellege oppfatningar når det gjeld opphavet til St. Valentine’s Dag. Einskilde ekspertar hevdar at dagen stammar frå St. Valentine, ein romar som vart martyr fordi han nekta å oppgje si kristne tru. Han døydde 14. februar i år 269, på den dag som var avsett til kjærleikslotteriar. Legenda vil ha det til at St. Valentine etterlot ei avskjedshelsing til fengselsvoktaren si dotter, underteikna ”From Your Valentine”. Andre versjonar av beretninga fortel at St. Valentine tenestegjorde som tempelprest under keiser Claudius. Claudius skal ha kasta Valentine i fengsel for å ha motarbeida han. I alle fall: i 496 reserverte pave Gelasius 14. februar til minne og ære for St. Valentine.
Etter kvart vart 14. februar den dagen då ein utveksla kjærleiks-erklæringar, og St. Valentine vart dei forelska sin helgenfigur. Dagen vart markert med å sende dikt og enkle gåver som blomster og konfekt. Ofte vart det arrangert sosiale samankomster eller ball.
I Norge er det fyrst no i dei seinare åra at vi har begynt å interessere oss for denne dagen".
Mange tenkjer når dei kjøper blomster til sin kjære "kor mange skal eg ha...?" Og faktisk har antal blomster si spesielle tyding, berre sjå nedanfor.....
1 blomst - Du er alt for meg. 2 blomster - Eg vil reise bort med deg. 3 blomster - Eg vil treffe deg igjen og ha ei framtid saman med deg. 4 blomster - Eg respekterer deg og takkar deg. 5 blomster - Eg vil gjere alt for deg. 6 blomster - Eg trur ikkje på dine løfter. 7 blomster - Eg elsker deg. 8 blomster - Eg er din inntil døden skiljer oss. 9 blomster - Eg vil vere åleine med deg. 10 blomster - Vil du gifte deg med meg?
Så her er det berre å velje antal, alt ettersom kva ein vil fortelje! Men kva med type blomst, er det nokon betydning i det ???
| Fiol |
Lojalitet |
| Forglemmegei |
Erindring |
| Floks |
Samhørighet |
| Iris |
Helse |
| Kamelia |
Takknemlighet |
| Kaprifol |
Troskap |
| Lilje |
Renhet |
| Liljekonvall |
Lykke |
| Nellik |
Ekte kjærlighet |
| Rose |
Dyd og skjønnhet |
| Tusenfryd |
Fellesskap |
12/2-07
Nytt på sida vår, er at vi har fått blogg. Her skal vi prøve å fortelje litt om dagane i blomsterbutikken. Fredag og Laurdag hadde vi nokre travle dagar. Kanskje litt meir enn det vi hadde trudd. Det var jo morsdag igår, så alle menn valfarta til blomster-butikken for å glede både mor, kone eller kjærast. Vi fekk verkeleg prøvd oss ut på både bukettar og dekorasjonar denne helga. I tillegg hadde skulemusikken blomster- lotteri, med både loddsal, kaffi og vaflar. Det vart ein flott dag med liv og røre på Amtskaia. Idag er det kontordag for Gro Anita medan Kari Helen skal vere i butikken og ordne opp i ny forsyning med ferske blomster.
|